On Anodyne med Jon Balkes Batagraf & Trondheim Voices

Onsdag, 2 mai, 2012 klokka 20:00

On Anodyne er eit bestillingsverk av pianist Jon Balke for Trondheim Voices og perkusjonskollektivet Batagraf og vart uroppført på Molde jazzfestival i 2011.

Jon Balke har brukt diktet ”Anodyne” av den amerikanske poeten Yusef Komunyakaa, som er opptatt av tidlause tema, myter og synd, sensualitet og jazz. Vokalensemblet Trondheim Voices består av ni erfarne songsolistar og improvisatørar. Saman arbeider dei med å endevende muligheitene for vokalimprovisasjon i ensemble. Perkusjonsforumet Batagraf består av Jon Balke og eit knippe trommeslagarar, som utforskar polyfone teknikkar i rytmikkens yttergrenser, ny musikk med røter i vestafrikansk Wolof-musikk.

Batagraf: Jon Balke, Helge Norbakken, Snorre Bjerck, Ingar Zach, Trondheim voices: Live Maria Roggen, Kirsti Huke, Siri Gjære, Ingrid Lode, Torunn Sævik, Tone Åse, Heidi Skjerve, Anita Kaasbøll, Silje Ræstad Karlsen Lyddesign: David Solheim

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: