Are Kalvø og Espen Beranek Holm

Pressebilete.
Pressebilete.
Fredag, 21 mars, 2014 klokka 19:30

Are Kalvø og Espen Beranek Holm er altså klare for å underhalde på Herøy kulturhus! Og dei har vore klare ei stund. Espen og Are har jobba saman i mange år. Dei samarbeidde m.a. i det satiriske radioprogrammet «Hallo i uken» på NRK i meir enn femten år, og i sceneshowet «3 mot 1 er feigt» i 2001-2002. Dei lovar ei kveld med musikalsk humor, standup, parodiar, gamle favorittar og nye påfunn. Og ein god del tullprat. Dette blir kanskje vårens humoristiske høgdepunkt! Kvifor ikkje sjekke det ut!

Sunnmøringen, forfattaren og satirikaren Are Kalvø er kjend for dei fleste. Han har gitt ut ei rekke satiriske og/eller tøysete bøker som «Kunsten å vere neger», «Syden», «Harry», «Bibelen 2» og «Våre venner kinesarane». Kalvø var manusforfattar og skodespelar i revyane «Tusen år og like blid» og «Det folk vil ha» på Det Norske Teatret, og på same teater var det premiere på Kalvø sin fotball-opera «Norge-Brasil» i mars i år. Are Kalvø var tidlig ute som standup-komikar og starta med dette allereide i 1990. Kalvø er kanskje mest kjend for sine parodiar og evnen til å snakke fort og lenge om ting han er opptatt av.

Espen Beranek Holm er ein av Noregs mest allsidige artistar. Han var popstjerne på åttitalet, der han mellom anna ba nokon dra til helvete. Dei siste tiåra har han imponert humorpublikum over heile landet med sylskarpe parodiar og musikalske tolkningar av kjende og kjære artistar. Om du ikkje har sett Espen Beranek Holm på scenen, har du garantert hørt han på radio eller sett han på TV, som fast paneldeltakar i Det Blå Partiet på «Løvebakken» på NRK1 i fleire sesongar, eller som programleiar i «Maestro» på same kanal i 2010. Espen har vore både musikar og komikar i populære og prisbelønte framsyningar saman med Rune Andersen og Marit Voldsæter.

To gamle vener leikar endeleg saman på scenen igjen. Og dei gler seg!

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: