Arve Tellefsen, Håvard Gimse og Kjetil Bjerkestrand

Arve Tellefsen. Pressefoto.
Arve Tellefsen. Pressefoto.
Onsdag, 27 april, 2016 klokka 19:00

Konsert med Arve Tellefsen, Håvard Gimse og Kjetil Bjerkestrand

Den klassiske fiolinvirtuosen Arve Tellefsen fekk enorm suksess med si første populærmusikalske plate Pan. Hausten 1988 nådde albumet 3. plass på VG-lista, der den totalt blei liggande i heile 29 veker. Akkompagnert av Kjetil Bjerkestrand på synthesizerar spelte Tellefsen både klassiske svisker, norske folketonar og filmmusikk som td "Gabriels Obo" (frå The Mission). Også oppfølgjaren Intermezzo frå 1992 solgte bra. I 1996 ga han ut Arco med Trondheim Symfoniorkester og saman med Håvard Gimse har han utgitt populære CDar med  stykker av Ole Bull samt Edvard Griegs tre sonater for fiolin og klaver.

Til våren 2016 blir dei utgitt på nytt som 2 samle-CDar med nokon av dei mest populære stykka som m.a. Send in the clowns, Meditation av Thaïs, Romansen av Svendsen, Händels Largo, samt Kreislers Liebesleid og Liebesfreud og sjølvsagt Gabriels Obo. 

Konserten vil innehalde eit utvalg av desse stykka og Arve Tellefsen introduserer dei i velkjend stil fra scenekanten.

Ekstra kjekt er det at Håvard Gimse skal få møte igjen flygelet han plukka ut for Fosnavåg konserthus i Hamburg hausten 2014.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: