Askeladden på nye eventyr

Pressefoto. Kultursekken Møre og Romsdal
Måndag, 13 mai, 2013 klokka 09:00

I framsyninga møter publikum breikdansarane i Absence Crew. Dansarane har høge ambisjonar og har teke mål av seg til å kunne danse kva som helst.

Når forteljaren gjer gutane i oppgåve å danse eventyr, er resultatet ei framsyning kor nokre av Norges beste breikdansarar fråssar i element både frå dei norske folkeeventyra og frå ei rekkje musikalske, populærkulturelle og estetiske sjangrar. Jamvel hip-hop og breikdans er nokre sjumilssteg frå ei tradisjonell eventyrforteljestund, kjenner vi att forteljingane. Askeladden dansar seg gjennom mest heile verda på vegen til ei prinsesse som ikkje let seg målbinde av kva som helst. På veg til prinsessa møter Askeladden figurar og situasjonar frå fleire kjende norske folkeeventyr, mellom anna dei tre bukkane Bruse som skal til seters for å gå på diskotek.

Dansarane i Absence Crew er Piero Issa, Daniel Grindeland, Halvard Haldorsen, Andreas Roksvåg og Christopher Bottolfsen. Dei har halde saman sidan 1999 og har mellom anna våre finalistar i Dansefeber og i Norske Talenter.

Framsyninga er utvikla i samarbeid med Den Nasjonale Scene i Bergen.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 

Kommentarar

Din blogg inlägg ungweb.no erbjuder samma in som en annan artikel författare men jag ungefär som din mycket bättre.

Sider