Astroshowet «Out of Space»

Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegard. Pressefoto.
Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegard. Pressefoto.
Onsdag, 9 november, 2016 klokka 19:00

Opplev siste utforsking av Pluto og andre mystiske objekt ytterst i Solsystemet, presentert av Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard

I tillegg til siste utforsking av Pluto og andre mystiske objekt ytterst i solsystemet vilk du også få ein presentasjon av dei mest interessante exoplanetane, svarte hol, gammaglimt, kolonisering av Solsystemet, romheisar og ikkje minst Solsystemet s og Galaksen si dramatiske framtid.

Kva for farer truar menneskeheita på kort sikt, og kva for muligheiter har vi for å berge oss? Korleis sikre menneskeheita si overleving som art? Høyr meir om menneska sitt framtidige liv som nomadar i Solsystemet som følgje av den stadig meir svulmande Sola. Fins det intelligent liv, og korleis vil vi eventuelt kunne oppnå kontakt med framande sivilisasjonar? Er vårt univers ein del av eit gigantisk multivers? Fins det ormehol, og kva for muligheiter kan desse i så fall gi oss?

 «Out of Space» er eit multimedieshow med spektakulære bilete, filmar, animasjonar, lydeffektar og musikkvideoar. Publikum vil også få høve til å halde ekte steinar frå verdsromet!

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: