Bårghild - Kvardag er ein fest

Bårghild. Fotokilde: Høstcena.no
Bårghild. Fotokilde: Høstcena.no
Laurdag, 27 september, 2014 klokka 12:00

Bårghild likar kvardagar og dei er det heldigvis mange av. Fest likar ho også og det kan ho stelle til kvar dag.

Ho trivst godt i eige selskap – men om du har tid så kan du godt få vere med. Oj, vi gløymte visst å sei at Bårghild likar å pussle...

Kvardag er ein fest er ei framsyning for alle frå 4 til 104 om ei artig dame som leikar seg gjennom dagane sine. Tid har ho nok av og den deler ho gjerne med tinga som ho har rundt seg. - Eit spanande møte med ei aldrande dame som framleis har barnet i seg. Og det har ho tenkt å halde fram med til ho ligg der...


Skodespelar: Inger Bakke
Instruktør: Viggo Solum
Komponist: Jurgita Mezelyte

Stad
Avholdshjemmet
Kommune: