Børre presenterer Staffan William-Olsson

Børre Dalhaug. Pressebilde.
Børre Dalhaug. Pressebilde.
Laurdag, 26 september, 2015 klokka 20:00

Sidan Børre Dalhaug flytta heim igjen til Ålesund i 2009, etter 14 år i hovudstaden, har han hatt ein idé: "Børre presenterer" - ein jazz-serie. No presenterer Børre sin gode musikarkollega Staffan William-Olsson på vår eigen klubbscene

Ein konsert pr semester, med lokale musikarar samt ei "stjerne", gjerne ein kollega frå Børre sin periode som profesjonell musikar, som han presenterer for publikum i fylket. Denne hausten er det Staffan William-Olsson som blir presentert. Dei spelte saman i m.a. The Real Thing frå 1998-2007

Staffan William-Olsson er fødd i Göteborg i 1959. Han har budd i Noreg siden 1986 og har medverka i mange band og sjangre, m.a. jazz-fusion gruppa Hawk On Flight, string-swing orkesteret Hot Club de Norvège, heavy metal bandet Sons of Angels og det islandske jazzrock-bandet Mezzoforte. Mest kjend er han forøvrig som jazz-gitarist, som leiar av sine eigne band og som ein del av den norsk-svenske orgeljazz-kvartetten The Real Thing.

Dette blir ensemblet:
Staffan William-Olsson - gitar
Kåre Nymark Jr. - trompet
Peter Wergini - saxofoner
Kjetil Jerve - piano
Audun Skorgen - bass
Børre Dalhaug - trommer
Stad
Fosnavåg Kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: