Baker Hansen

Baker Hansen. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Baker Hansen. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Onsdag, 5 oktober, 2016 klokka 19:30

Chet Baker fortalde nokre av dei sterkaste musikalske historiane i jazzlitteraturen. Baker Hansen gjenfortel desse historiene på norsk.

Dette er musikk med varme kjensler og kjølig sound, sterke utsegn og vare augeblikk. Musikk som i ny språkleg og musikalsk drakt gir låter som «My funny valentine» og «I fall in love too easily» nytt liv, og kan røre endå nærare ved oss på vårt eige mål. Musikk som framleis lever og leverer, tøyer grenser og opnar øyre. Nett slik jazz alltid har gjort. Baker Hansen har fullengderen «Ei som deg» (CD/LP/digitalt) frå 2014 og tett innpå 100 konserter i Norden i bagasjen. Oppfølgarplata «Gamle Daga» kom ut i februar 2016. 
«Ein sikker scenesuksess»    Roald Helgheim, Dagsavisen

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: