Band of Gold

Band of Gold. Pressefoto.
Band of Gold. Pressefoto.
Laurdag, 27 februar, 2016 klokka 20:00

Sannsynligvis det beste bandet i Noreg du ikkje har høyrt enno. Med medlemar frå Big Bang, Motorpsycho og Elephant9!

Eit nytt bandprosjekt med vokalist Nina Mortvedt, Nikolai Hængsle Eilertsen (Big Bang/Elephant9), Olaf Olsen (Big Bang) og stjerneskuddet Peter Estdahl. 

Bandet serverer ei uvanleg og eigentleg ganske unorsk blanding av energi og livsglede på den eine sida, og ettertenksomheit og musikalsk dybde på den andre. Med total mangel for respekt for sjangergrenser går dei på tjuvtokt både i årtiene og stilartane - ein dæsj 70-tals Fleetwood Mac her, litt 80-tals Kate Bush der, ei klype 60-tals Laurel Canyon-melankoli umerkeleg blanda med dansbar indie-glede. 

Gjennom det heile går Nina Mortvedt si fantastiske stemme som ein varm, raud tråd - kjenslevar, sterk og melodisikker som få. Når du backar dette opp med eit av dei sterkaste kremlaga med musikarar ein har sett på ei stund her til lands, ja då har du eit gull-band, rett og slett. Dette er ambisiøs popmusikk, slik god og nytenkande popmusikk skal høyrast ut i 2016. Det er ikkje tilfeldig at dei er nominert til Spelemannsprisen for debutalbumet frå 2015

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: