Barnas Vår: Mygga og Flua

Tonje Unstad. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset
Tonje Unstad. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset
Laurdag, 23 april, 2016 klokka 15:00

Barnekonsertane til Tonje Unstad har blitt ein stor suksess i heile Noreg. Med enkle visuelle grep, underfundige historier og fengande viser får ho publikum med på notane, bokstaveleg talt. I frå augenblinken det bitte lille rusket forlater fingertuppen og flyg ut i den store verda, blir vi teke med inn i Tonjes univers av krabbekirkegårdar, grådige tannféar og slitne rockekråker. Og kva er det eigentleg som gøymer seg i kofferten?

Konserten består av små førestillingar som engasjerer og begeistrer frå første stund. Her vert ungane fanga i eit spennande univers av originale sangar og magiske hendingar! Unstad kommuniserer med både barn og foreldre, og har vakt begeistring på scener over heile landet. Innhaldet er basert på den kritikerroste barneplata "Mygga og Flua" som mottok Spellemannsprisen i 2012.

Tonje Unstad har dei siste ti åra etablert seg som ein av våre mest etterspurte visesangarar og låtskrivarar. Med sin lune humor og gode publikumstekke er ho ein artist som vert ønska ilbake til konsertsalar og festivalscener igjen og igjen. Unstad har mottatt ei rekke prisar, blant anna 2 Spellemannsprisar og sjølvaste Prøysenprisen.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: