Barnas Vår: Plutselig Sirkus!

Sirkus. Fotokjelde: ID-huset.
Sirkus. Fotokjelde: ID-huset.
Laurdag, 14 mai, 2016 klokka 12:00

Endeleg sirkus på Ingebrigt Davik-huset, og du får vere med å trikse!

Det har alltid vore spennande med sirkus, og i dette einmannssirkuset blir vi introdusert for klovnen Indigo Fei som viser ei framsyning full av absurd klovning, magi og imponerande ballakrobatikk.

Det spesielle med Plutselig Sirkus er at barna får ta del i det heile til slutt. Då får dei prøve seg som «sirkuslærlingar» kor dei får lære å gjere eigne sirkuskunstar som sjonglering med baller og skjerf, spinne tallerkner, develsticks og diabolos. Du kan delta så lenge du har lyst!

Målgruppe: 4-12 år

Varigheit: ca 60-75 minuttar.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: