Beady Belle

Beady Belle. Fotograf: Rune Kongsro.
Beady Belle. Fotograf: Rune Kongsro.
Fredag, 7 oktober, 2016 klokka 20:30

Beady Belle leverte ein fantastisk konsert då ho sist gjesta Sjøborg kulturhus. Makan til rytmer og songstemme har vi sjeldan opplevd.

Live-konseptet til Beady Belle er ganske annleis enn CD-konseptet. Låtane er opna opp slik at det er rom for meir leik, improvisasjon, groove og dynamikk på scena. Konseptet er tilpassa både ein konsert- og club-setting. Vi kan glede oss til ein konsert med fengande, utfordrande, ettertenksom, funky og sexy musikk.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 320,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: