Beatles-konsert med Herøy janitsjar

Herøy Janitsjar. Pressefoto.
Herøy Janitsjar. Pressefoto.
Laurdag, 23 april, 2016 klokka 19:00

Kan hornmusikarar spele Beatles? Spør heller om ein kolibri kan flyge! Herøy janitsjar har gjort det før (ABBA, Jesus Christ superstar, The Commitments, Blues Brothers) og gjer det igjen: Skaper magi

Herøy Janitsjar har med seg tre dyktige vokalistar, eit fantastisk kor med fire kvinner og fire menn og eit godt samansett band med to gitarar, bass, keyboard og slagverk. Vi framfører eit godt knippe av dei mest kjende Beatleslåtane i flotte arrangement av Stein Ivar Mortensen. Alt signert John Lennon/Paul McCartney og gitarist George Harrison.

Vi byr på eit forrykande sceneshow i vårt no så berømte Fosnavåg Konserthus, der vi er sponsa av Olympic Kulturfond.

Stig på godtfolk, her kan det bli trangt om plassen.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: