Bertine Zetlitz

Bertine Zetlitz. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Bertine Zetlitz. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 3 oktober, 2015 klokka 19:00

Etter å ha vore musikar i atten år og med fire Spellemannprisar på hylla, debuterer Bertine Zetlitz med eit album for fyrste gong på norsk. Til Fosnavåg har ho med seg trommer, bass og keyboard

Albumet Tikamp inneheld ti låtar der halvparten av låtane ligg i grenseland elektro-pop, mens resten har eit nytt og meir akustisk lydbilete. Bertine har også tatt grep ved å produsere sjølv og knytta til seg ein ny samarbeidspartner kjend frå Motorpsycho, bandet HGH «Meg og Kammeraten min», Håkon Gebhardt.
Tekstar har alltid vore viktig for Bertine Zetlitz, men denne gongen var utfordringa merkbart større når låtane skulle skrivast på norsk.
– Eg var mest redd for at eg skulle bli plump eller sentimental på norsk. Og vi har ledd mykje av dårlege formuleringar og rim. Men eg har jobba knallhardt og syns vi kom ut i riktig ende.
Den første singelen «Sett At Vi Sier Det Sånn», ein sår duett med Prepple Houmb frå Dum Dum Boys fekk høg rotasjon på norske radiokanalar då den blei slept i januar.
Bertine Zetlitz begynte med nye blanke ark då ho skulle lage sitt sjuande album Tikamp. Det har gjort at det har vore gøy å jobbe med musikk igjen, men det har også vore meir nerver og hard jobbing. 

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: