Best of Beady Belle

fotokjelde: herøy kulturhus
fotokjelde: herøy kulturhus
Fredag, 8 mai, 2015 klokka 20:00

Vi er veldig stolte av å få presentere Beate S Lech med Beady Belle på vår klubbscene denne våren.

 følgje jazzbloggaren Tor Hammerø har Beady Belle, med Beate S. Lech i spissen, ei strålende karriere bak seg. Her får vi alle høgdepunkta. Han siktar til den siste trippel-CDen med Best-of-dobbelalbum + live-CD. 

Han skriv vidare: Beate S. Lech - ein vokalist i ultraklassen. Bandet, organismen, den musikalske familien - kall det kva du vil - Beady Belle har eksistert sidan 1999. I løpet av desse åra har dei gitt ut seks strålande skiver og spelt konsertar i 146 byar i 27 land. Det betyr at Beady Belle med Beate S. Lech som den ubestridte frontfiguren, men med Erik Holm (trommer pluss pluss) og Marius Reksjø (basser pluss pluss) som svært sentrale ingrediensar heilt frå starten, har lagt store delar av den oppegåande musikkverda for sine føter.

Heilt frå starten har Beady Belle laga musikk som konsekvent ikkje har passa i nokon bestemt bås og slik er det heldigvis ennå. I front har heile tida Beate Slettevoll Lechs litt mørke, distinkte, mystiske og sensuelle stemme stått. Ho har også skreve alle tekstar og veldig mykje av musikken også, mens arrangementa har blitt utarbeidd av alle i samarbeid - og det har blitt eit brygg med alt frå jazz, via funk og soul til reggae og electronica. Og sikkert mange andre ingrediensar også!

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: