Bjørn Sundquist - Et Helvettes Liv!

Bjørn Sundquist - Et hælvettes liv! Pressefoto.
Bjørn Sundquist - Et hælvettes liv! Pressefoto.
Torsdag, 23 mars, 2017 klokka 19:00

Sjølvaste Bjørn Sundquist tek på seg standup-hatten!

Då Erik Smith-Meyer spurte Sundquist om han som einsam ulv kunne tenke seg å lage ei forestilling på hovudscena i 2016 blei svaret: "Hva, - tror du æ e sinnsyk?!"

Eit halvt år seinare vart han likevel overtalt og kasta seg ut i det med stort pågangsmot.

"Man kan da ikke la denne muligheten gå ifra seg! Jeg har jo kanskje ett og annet å fortelle... Når jeg bare får tenkt meg om! Undertittelen må da bli Mitt liv som Bjørn."

Og slik vart det! Etter eit langt liv som film- og teaterskodespelar, har han talleise hendingar og situasjonar i ermet. Det handlar om kjendislivet sjølvsagt, det å vere berømt, oppturane og nedturane i livet.

 

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: 
Tema: