BJARTE HJELMELAND "Gu` kor gøy!"

Måndag, 19 januar, 2015 klokka 19:00

Gjer deg klar til å le! Det er varsla høgtrykk på latterfronten når skodespelar og komiprisvinnar Bjarte Hjelmeland kjem til kulturhuset med humorshowet som får både publikum og kritikarar til å juble. Sett av over 50 000!

Gu kor gøy! byr på eit vell av morosame karakterar, inkludert ein svært populær parodi på Siv Jensen. I løpet av den halvannan time lange framsyninga skiftar han klede, dialekt og personlegdom 12–13 gonger. Tekstane er skrivne i samarbeid med humortoppar som Lene Kongsvik Johansen, Ingrid Bjørnov og Pernille Sørensen. 

”Seriøst moro, gu kor gøy!” VG (5)
”Begavet humor. Utmerkede tekster” Aftenposten
”En revy å bli glad av” Dagbladet (5)
”Bombe av humor og vidd” Bergens Tidende (5)
”Et show av ypperste klasse” Kulturspeilet
”Litt av en mann … og kvinne!” Dagsavisen
”Ellevilt og herlig!" BA (5)

Varer: 1 time og 30 minuttar (ingen pause). 

Opplev meir:
Bjarte bak kulissene. Sjå Gu kor gøy! ”bakfrå” på video i foajeen etter framsyninga.

Billettpris: 320 kr (inkl avg) før 1. januar 2015. Dette er ein tidlegkjøpspris.

Med Bjarte Hjelmeland, Tove Kragset og Bjarte Aasmul.

Regissør Kim Bjarke. Tekstar av Øyvind Angeltveit, Hanne T. Asheim, Ingrid Bjørnov, Trond Hanssen, Bjarte Hjelmeland, Lene Kongsvik Johansen, Kjetil Kooyman, Jon Niklas Rønning, Eirik del Barco Soleglad og Pernille Sørensen. Scenograf og kostymedesignar Ingeborg Kvamme. Musikalsk ansvarleg Tove Kragset. Lysdesignar Sjur Paulo Hansen. Lyddesignar Lars Hareide Swenson. Koreograf Thea Bay. Maskedesignar Janne Skarpeid Hermansen. Filmfotograf og klipp Ketil Skogheim. Produsert av Terje Stenstad. På turné med Riksteatret. 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: