ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Tolv år gamle Una hadde eit forhold til førti år gamle Ray. Femten år etter søkjer ho han opp på arbeidsplassen.
Ho har levd under ei skuggje av fordøming frå omgjevnadene, og han har sona straffa si og starta eit nytt liv. Kva skjer når ho får sjansen til å fortelje historia frå sin ståstad?
Blackbird er ein intens og tankevekkande konfrontasjon mellom to menneske, skrive av den prisbelønte dramatikaren David Harrower. I skildringa av desse to menneska og det særs uvanlege kjærleiksforholdet deira, overskrid Harrower det ein oppfattar som rett og galt. Stykket vil garantert sette kjenslene på prøve og utfordre grensene dine.
Blackbird fekk eineståande kritikkar etter urpremieren på Edinburghfestivalen i 2005 og vart raskt sett opp i Londons West End. Blackbird vert stadig sett opp av teatersjefar over hele verda som ønskjer å gi publikum gode teatertekstar, og stykket har fått status som ein moderne klassikar.
I Riksteatret si norgesaktuelle oppsetjing gjør Vidar Sandem comeback på scena etter mange år som teatersjef på Det Norske Teatret, og det nye talentet Marie Blokhus speler Una. Regien er ved Kim Sørensen.
--
Verdspressa har sagt:
"Unforgettable"
The Times
"Brilliant"
Mail on Sunday
"A Miracle"
New York Times
"A smash hit not to be missed"
***** Sunday Express
"A gripping drama"
Dato | Kva |
---|---|
10 feb |
Teatret Vårt: Habitat Arbeideren |
11 feb |
Fagerlia VGS: /protrakt/ Parken Kulturhus |
11 feb |
Teatret Vårt: Habitat Arbeideren |
12 feb |
Fagerlia VGS: /protrakt/ Parken Kulturhus |
12 feb |
Teatret Vårt: Habitat Arbeideren |
13 feb |
Fagerlia VGS: /protrakt/ Parken Kulturhus |
13 feb |
Finn Tokvam: Hest, fest og heimlengt Parken Kulturhus |
17 feb |
Teatret Vårt: Habitat Arbeideren |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no