Bok og kultur

Foto: Sjøborg Kulturhus.
Foto: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 12 november, 2016 klokka 16:00

Laurdag 12. november klokka 16 kan du unne deg ein time med bok og kultur på Sjøborg. Her blir det frisk korsong, gripande opplesing, morosame filmglimt og nær lokalhistorie i ord og bilde. Truleg er det mange som enno hugsar reportasjen om Gullsteinvik i Dagens Næringsliv våren 2001.

Den 4. mai 1999 gjorde Vickers opp for aksjane i Ulsteinkonsernet, og aksjonærane fekk utbetalt til saman om lag 3,9 milliardar kroner. I årets utgåve av Levd liv  finn du ein artikkel om Ulsteinkonsernet, salet, reaksjonane og konsekvensane, ført i pennen av Asle Geir Widnes Johansen.

Artikkelen fortel også historia om ein spesiell avisreportasje: Ekspedisjonen til gravejournalist Bjørn Olav Nordahl i Dagens Næringsliv på vårparten 2001. "Gullsteinvik" vart tittelen på framsida, "Herskap & tjenere" inne i avisa.

Men langt meir er dette historia om ei bygd som på få år blir heilt omskapt. Ikkje minst er det historia om ein familie som standhaftig  valde å satse på verft i ei tid då situasjonen kunne sjå heilsvart ut: Laurdag 23. oktober 1999 glir det siste skroget frå beddingen ved Ulstein Verft. No står Osnes for tur. Ved Arbeidskontoret førebur dei seg på massepermitteringar, 500–600 arbeidstakarar i regionen kan bli permitterte. Sjukefråværet eksploderer. Idar Ulstein hadde ingen nye kontraktar å slå i bordet med, men lova å gjere alt han kunne for å utvikle verftet i Ulsteinvik og sikre arbeidsplassane.

Popgruppa Alice

Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshusa samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Sjølvsagt var det fyll og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum og tene pengar. Ei slik lokal gruppe var Alice frå Ulsteinvik. Dette bandet nådde lenger enn mange andre, ikkje minst fordi medlemene var ambisiøse. Plateinnspeling, deltaking i NM for rockeband, spelejobbar over heile landet. På Sjøborg får du glimt frå denne forteljinga i bilde, ord og på film.

FN-soldat i Suez og Gaza

Hausten 1956 var ei dramatisk tid. Sovjet Unionen gjekk inn i Ungarn og tok over styringa av landet. I Egypt starta uroa med at franske og engelske styrkar bomba byen Suez heilt i grus. Egypts president Nasser svarte med å stenge Suezkanalen. Han senka skip i begge endar av kanalen. Båtane vart liggande i månader. For å hindre ein større krig oppretta FN ein internasjonal styrke, United Nations Emergency Force. Her deltok 10 land, mellom anna dei fire nordiske landa. Ein av dei som deltok i FN-operasjonen, var Aksel Hauge. I årets Levd liv fortel han om dette 60-års-minnet, spenninga, opplevingane, folkelivet. Laurdag 12. november deler han litt av historia med publikum.

 

Ottar Kaldhol

Denne hausten har Ottar Kaldhol opplevd suksess med boka si, Flest kvardagar. Dei 16 stubbane, kall det gjerne noveller, er skrivne av ein mann som har noko på hjartet. Han gir oss glimt inn i liv og  lagnad, omtanke og hjelpsemd, kjærleik, lykke og sorg. Det er lett å bli gripen av desse menneska frå ei tid meir prega av kvardagsstrev, enn av fakter og fagre talar; ein kultur av få ord, men der det usagde gav meining for den som kunne lytte. Denne laurdagen på Sjøborg vil forfattaren lese frå boksa si. Verkeleg noko å sjå fram til!

Ulstein Mannskor

Denne ettermiddagsøkta med bok og kultur er ikkje fullkomen utan at vi har fått høyre Ulstein Mannskor. Koret står for kontinuitet og har blitt litt av ein tradisjonsberar i Ulstein. Under leiing av dirigent Robert Skeide vil koret lyfte salen med fyldig mannskorsong, slik dei har gjort det så mang ein gong.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Ulstein Historielag og Osberget. Du kan kjøpe både Levd liv 2016 og Flest kvardagar på Sjøborg etter programmet.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 150,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: