Bokbad med Øystein Wiik

Øystein Wiik. Pressebilete. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Øystein Wiik. Pressebilete. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Fredag, 8 juni, 2018 klokka 20:00

Under Smak av Ulstein vert det bokbad med Øystein Wiik på Ulstein bibliotek, og du kan sikre deg plass allereie no!

Øystein Wiik har ei lang karriere som songar, skodespelar og musikalforfattar bak seg. I 2010 debuterta han som romanforfattar med "Dødelig Applaus", ei krimfortelling frå operamiljøet, med Tom Hartmann i hovudrollen. Romanen blei nominert til Rivertonprisen og er utgitt på tysk, dansk og nederlandsk. I 2011 kom "Slakteren" som etablerte Øystein Wiik som krimforfattar av første klasse. Bok nummer tre om Tom Hartman var "Hvit Panter" som kom i 2012 og året etter skreiv han "Casanovasyndromet". "Rekviem som kom i 2015, blei av VG utropt til "et av krimårets høydepunkter". "Skorpionen" som kom i 2016, handla blant anna om The Darknet - det innerste og mørkaste av internettet. "Dødsrytteren", den sjuande boka i serien om Tom Hartmann, foregår blant anna i Nord-Korea og på Svalbard, den norske øya som nord-koreanerne har store planar for.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, ope mån-fre 08-21 og laur-søn 11-18, telefon 901 85 764 og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 100,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: