Bokkafè med Marit Wadsten

Marit Wadsten. Pressefoto.
Marit Wadsten. Pressefoto.
Torsdag, 10 november, 2016 klokka 19:00

Forfattar Marit Wadsten fortel frå boka si: "Eikesdalen- det finst berre ein". Gratis inngang!

I boka "Eikesdalen- det finst berre ein" finst forteljingane om naturen som grunnlag for kultur, om menneska i samspel med naturen, om dei små detaljane, om dei vare og vakre augneblinkane, om dei store samanhengane og om dei lange linjene. EIkesdalen er rekna som eit særeige, grøderikt og eksklusivt naturgjeve spisskammers med uvanleg godt klima, og er truleg eit av dei områda i landet som mennesket kom tidlegast til.

I vår næraste forhistorie gjekk folket her saman med naturvernarar for å forsvare naturresursane i dalen sin, i det som var til Mardølaaksjonen i 1970. Dei var med dette med på å endre kursen på etterkrigstidas ustoppelege kraftutbyggingspolitikk. Artiklane i boka er skrivne av natur- og kulturvitarar, biologar og arkeologar og ein villreinforskar, som alle har det til felles at dei elskar Eikesdalen. For det finst verkeleg berre ein.

Stad
Rauma kulturhus
Kongens Gate 7
6300
Åndalsnes
Kommune: