Boknatt i Aasen-tunet

Torsdag, 15 november, 2012 klokka 20:00:00

Med forfattarane Kaisa Aglen, Kjartan Fløgstad, Marit Kaldhol og Rønnaug Kleiva

Kjartan Fløgstad har fått mykje merksemd for den nye boka si, Nordaustpassasjen, der han i kjend litterær stil kritiserer kapitalismen og massemedia. Han tek med boka til Boknatta torsdag 15. november. Dit kjem også Marit Kaldhol og tidlegare festspeldiktar Rønnaug Kleiva. Kleiva har med seg den heilt ferske romanen Armenia, Albania, Argentina, som har mange sjølvbiografiske trekk. Hovudpersonen heiter Rønnaug, og om dette litterære grepet speglar eit sjølvbiografisk innhald, får publikum kanskje svar på denne kvelden.Marit Kaldhol har skildra intenst forholdet mellom mor og dotter i romanen Darwins sporvar.

Kaisa Aglen frå Volda lyrikkdebuterer i år med Kvar i kroppen sit ingenting, ei samling konsentrerte dikt der bilete og tankar tek store sprang. Det er viktig å gi rom til både etablerte forfattarar og debutantar. Ekstra kjekt er det å ha Kaisa Aglen på programmet til Boknatta, sidan ho er oppvaksen berre eit steinkast frå Aasen-tunet, seier Widerøe.

Stad
Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet
6160
HOVDEBYGDA
Kommune: