Boksøg

Laurdag, 26 mai, 2012 klokka 13:00:00

Brageprisnominerte Mette Karlsvik møter Svein Sæter møter Hans Hyldbakk. Fabula spelar.

Mette Karlsvik
Debuterte i 2005 med romanen "Vindauga i matsalen vender mot fjorden", som ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg.

Er født i 1978, og kjem frå Frei på Nordmøre, men flytta tidleg derfrå for å gå det idealistiske gymnaset United World College. Sidan fekk ho bachelorgrad i biletkunst frå Glasgow og bachelorgrad i journalistikk frå Universitetet i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har hatt vikariat som journalist for Morgenbladet, Bergens Tidende, D2 (DN) og Tidens Krav.

Svein Sæter
Svein Sæter (f. 1960) frå Stangvik på Nordmøre er forfattar og frilansjournalist. Han har skrive 18 faglitterære bøker, mange av dei med historiske tema, men òg om så ulike emne som fotball, økologisk landbruk, sportsfiske og Hans Hyldbakk. I tillegg har Svein Sæter skrive tekster til musikk og redigert mange antologiar, både faglitterære og skjønnlitterære. Draumen om Abebe Bikila. Reisebrev frå Etiopia kom på Samlaget i oktober 2009.

Svein Sæter er aktuell i samband med utgivinga av vårsøgforfattaren Hans Hyldbakk (1899-2001) sin einaste roman, «Brotne band».

Songaren og songskrivaren Fabula skapte bølgjer i heimlandet sitt, Island, då ho slapp si første soloplate i 1996. Fabula har vore aktiv på folkemusikk og jazzarenaer dei siste ti åra. Ho studerte drama og jazzpiano i Trondheim og i London. Alle hennar fire album har vore svært kritikarroste. Musikken hennar er leikande og melankolsk og av ubestemmeleg sjanger, men har element av jazz, folkemusikk og popmusikk.

Les meir om denne spennande islandske dama på http://www.fabula.is/

Stad
Surnadal Kulturhus
Surnadal Kulturhus
6650
SURNADAL
Kommune: