BrassThonar

BrassThonar. Plakat.
BrassThonar. Plakat.
Søndag, 2 oktober, 2016 klokka 17:00

Du som likar, har interesse for, eller har røynsle frå korps må finne vegen til Fosnavåg Konserthus denne ettermiddagen ! Tre solide brassband vil fylle salen med klang, «trøkk» og blank messing!

Herøy Brass, Gursken Brass og Ørskog Brass avsluttar ei helg med øving, inspirasjon og sosialt samvere med stor konsert i Fosnavåg Konserthus. I kvar si avdeling vil dei tre brassbanda framføre eit breidt utval av brassmusikk med intensitet, glød og kvalitet. 

Ørskog Brass (Sjøholt) 

vart stifta i 1972 med namnet Ørskog Ungdomskorps. I 1982 bytte dei namn til Ørskog Brass, sidan besetninga hadde same mønster som britiske brassband. Medlemane kjem no frå heile Ålesunds-regionen og Ørskog Brass har markert seg som eit brassband av høg klasse. Dirigent er Arnfinn Dalhaug. 

Gursken Brass (Gursken) 

er relativt nystarta som brassband, men nyt godt av eit historisk godt arbeid i skulekorpsa i Gursken. Mange av medlemane er 

«gamle» skulekorpsmusikarar frå Haugsbygda og Vågen, som etter nokre års pause har teke fram instrumenta på nytt. Dirigent er Inge-Jonny Hide. 

Herøy Brass (Fosnavåg) 

har hatt ei flott utvikling dei siste åra og har pr. dato full brassbandbesetning.  Suksesskonsertane «Atmosphere» og 

«Music» (med dyktige vokalsolistar) speglar eit breidt musikalsk spekter. Til konserten BrassThonar vil det verte fokus på brassmusikk. Dirigent er Kjellstein Knotten. 

Vår konferansier vil knyte korpsa, musikken og publikum saman. 

Vel møtt !! 

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: