Brattvåg Janitsjar: Julefergå

Brattvåg Janitsjar. Pressefoto.
Brattvåg Janitsjar. Pressefoto.
Laurdag, 29 november, 2014 klokka 18:00

Laurdag 29. 11. blir det urpremiere på Julefergå på Ingebrigt Davik-huset.

 

Julefergå er ein adventskalender som vart sendt på TV2 første gong i 1995, og den er godt kjend for alle sunnmøringar. Det var Brazz brothers som stod bak denne serien, både som skodespelarar og sjølsagt musikken. Handlinga skjer om bord i ”MF Svelå”, og det er ein humoristisk serie med god musikk.

No har Brazz brothers arrangert dei mest kjende songane frå serien for korps, og Brattvåg janitsjar er det første korpset som får framføre desse stykka. Med seg vil janitsjaren ha skodespelarar, songarar, band og ei ekstern rytmegruppe.

Her vil du få møte Wenche, Trond og Roger, og du vil få høyre låtar som Svelesangen, Bacalao og Skipperens vise.
Få med deg denne oppsettinga på ID-huset laurdag 29. 11. Vi garanterer ei artig stund med god musikk, mykje humor og ein god del sveler!

Stad
Ingebrigt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: