Brattvågkoret

Laurdag, 20 oktober, 2012 klokka 16:00

Ein drøm som oppfyllast.

Brattvågkoret og Brattvåg Janitsjar har slått seg saman for å gje publikum ein draum av ei framsyning og spreie litt klassisk Disney-magi.

Det er ei familieframsyning for alle, med musikk frå kjente og kjære Disney-filmar gjennom historia. Dette er det første samarbeidet mellom Brattvågkoret og Brattvåg Janitsjar.

Det blir ein stor produksjon med mykje lyd frå scena, der både kor, korps og band skal i aksjon samtidig.

Songar frå filmar som Pinocchio, Jungelboken, Lady & Landstrykeren, Toy Story, Cars og Løvenes Konge blir å høyre.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: