Breaking Dad - Fredrik Steen

Breaking Dad med Fredrik Steen. Pressebilete.
Breaking Dad med Fredrik Steen. Pressebilete.
Fredag, 8 februar, 2019 klokka 19:00

Breaking Dad er Fredrik Steen sitt fjerde soloshow, og vi er superstolte over at han legg premiera til Ulsteinvik! Showet blir ein fargerik heilaftan i fleire sjangrar – i kjent Fredrik-stil! Og med på laget denne gongen er den svært erfarne humorregissøren Tom Sterri.

Sjølv vil Fredrik gå så langt som at han kallar seg pappaekspert, då han trass alt har fire barn med tre ulike mødre:

 – Eg har gjort akkurat som naturen vil at vi skal gjere, og har smurt genmaterialet mitt godt utover det heile!

Men kva vil det eigentleg seie å vere ein pappa? Alle snakkar om sterke kvinner og sterke mødre? Er det lov å snakke om sterke menn? Og kva vil vi eigentleg at ungane våre skal arve frå oss?

Siste året har Fredrik bemerka seg som «kommentator» i humorserien «Match» på NRK1, ein serie som har hausta svært gode kritikkar, og anmeldaren i VG trekte spesielt fram Steen sine prestasjonar:

«Steen snakker kommentatorspråket flytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. (...) Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing, potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL.»

I TV-serien Breaking Bad må hovudpersonen lage dop for å klare pliktene sine. Og kva er det Fredrik må koke på bakrommet for å få det heile til å gå opp? Det gjenstår å sjå!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 
Vaksen kr 380,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: