Brevduene - Teatret Vårt

Brevduene. Foto: Teatret Vårt.
Brevduene. Foto: Teatret Vårt.
Laurdag, 14 januar, 2017 klokka 19:00

–  ein komedie om kunsten å forsvinna. Hysteriske forviklingar i det opne kontorlandskapet. Store kjensler på samtalekjøkenet, både på arbeidsplassen og på heimefronten. Absurd og attkjenneleg – på den morosame måten.

Robert driv ei mindre verksemd, men ynskjer å trekkja seg attende og bruka tida på ein ny hobby; brevduene sine. Han drøymer om å forsvinna sporlaust. Korkje kona hans, Gerlinde, eller kollegaen Holger synest det er ein særskild god idé. Gerlinde drøymer om det enkle livet i Toscana og MÅ difor kjøpa den nyaste italienske espressomaskinen, medan Holger ikkje under nokon omstende har lyst å ta over sjefsstolen til Robert. Han kjenner seg mobba av kollegaene sine. Med god grunn. Han prøver faktisk å seia opp jobben sin, men kjenner ikkje heilt at sjefen lyttar til han. Det synest kona hans, Natalie, er noko FORBANNA TULL. Ho på si side har litt problem med å handtera sinnet sitt, og ho hadde ærleg talt håpa på litt meir framdrift i karrieren til Holger.

Alle dei ulike karakterane i David GieselmannsBrevduene slit på kvar sin måte med å kjenna seg lukkelege på ordentleg. Kanskje det hjelper å gå på restaurant? Eller kva med ein nederlandsk au pair berre for å setja litt krydder på tilværet? Eller kanskje psykiateren din har svaret? Om han altså berre greier å hugsa namnet ditt fyrst.

Det heile går – mildt sagt –  ikkje helt som planlagt. Når Robert faktisk forsvinn utan å få med seg oppsparinga si, dukkar det heilt uventa opp ein halvbror som ingen har høyrt om før. – Eller er det Robert som har kome attende? At fram og attende er like langt veit ingen betre enn brevduene.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: