Bror Magnus Tødenes

Pressefoto.
Søndag, 30 desember, 2012 klokka 17:00

Bror Magnus Tødenes er godt kjend i det lokale kulturlivet i Ulstein, og har imponert og begeistra med sine musikalske ferdigheiter, og spesielt med stemma si.

No har han spelt inn sin fyrste CD, og Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik vart for fyrste gong nytta til ei klassisk innspeling. Den rykande ferske CDen har vorte eit produkt i toppklasse.

Romjulskonserten vil innehalde utdrag frå CDen, mao. klassiske perler og store ariar frå operalitteraturen av komponistar som ma Grieg, Mozart, Puccini og Verdi. Han vil synge repertoar som også er gjort av kjende sangarar som Jussi Björling, Placido Domingo, Luciano Pavarotti og fleire. Og dei som likar Grieg kan gle seg ekstra.

"Tødenes har en sjelden stemmebegavelse, som jeg i mitt lange virke som pedagog og utøver sjelden har opplevd maken til" - professor klassisk sang Kåre Bjørkøy, Institutt for musikk, NTNU

Mona Spigseth Sagstad er frå Odalen i Hedmark. Ho byrja å spele piano ved Sør-Odal kommunale musikkskole. Etter 5 års studier i Oslo med professor Einar Henning Smebye hadde ho ein kritikarrost debutkonsert i same by.
Mona har vore solist med landets symfoniorkestre, konsertert i inn- og utland, og er en aktiv kammermusikar og akkompagnatør for landets fremste utøvere. Ho er fast ansett som lærer i klaverfag ved Institutt for Musikk i Trondheim, der ho også har det faglige ansvaret for talentutviklingsprogrammet "Unge Musikere". Mona vil og framføre eit solostykke under konserten, så då vert det høve å høyre det flott flygelet i Sjøborg traktert av ein utøvar i toppklasse.

Henrik Bondevik kjem frå Ålesund og studerar klassik kontrabass ved Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim. Han har markert seg som ein lovande utøvar og komponist. Han har, trass ung alder, alt skrive symfonien “Stemning for orkester” som var urframført av Ålesund symfoniorkester tidlegare i haust. Han har og skrive verk for Ålesund strykekvartett.

Henrik vil lose publikum gjennom eit variert og flott program. Han vil dessutan framføre eit solostykke i lag med Mona.

Bror Magnus Tødenes – tenor
Mona Spigseth Sagstad – klaver
Henrik Bondevik – programleiar og kontrabass

Vel møtt til ein klassisk romjulskonsert av høg standard.

Kun fremste delen av amfiet vert nytta for å skape ei intim atmosfære. Unummererte billettar.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 200,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

NB! Quality Hotel Ulstein er stengd denne dagen. Alle må derfor nytte Kulturhusinngangen.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: