Brothers in Arms

Brothers in Arms. Foto: Pål-Andre Måseidvåg
Brothers in Arms. Foto: Pål-Andre Måseidvåg
Fredag, 21 oktober, 2016 klokka 19:30

«Brothers In Arms - a Tribute to Dire Straits» vart danna i 2007 av 7 særs rutinerte musikarkompisar frå Ålesund og Brattvåg (inkludert eit par innflytta nordlendingar og ein norsk-amerikanar.)

Det heile starta i det små med ein årleg konsert på Teaterfabrikken i Ålesund, men med raskt aukande popularitet vart dei ganske fort nøydde til å utvide til to-tre årlege konserter på Teaterfabrikken, i tillegg til fleire andre konsertar rundt om i distriktet, m.a. på Gomerhuset i Skodje, der dei også har vore eit fast innslag fleire år på rad.

2016 har vore eit særs godt år for Brothers In Arms, med tre utselde konsertar på Teaterfabrikken, to nesten utselde konsertar på Gomerhuset og Ingebrigt Davik-huset, samt utekonsert på Ålesund Båtfestival.

 

Dire Straits, med låtskrivar, gitarist og vokalist Mark Knopfler i spissen, leverte tidlaus musikk av høg kvalitet med utgjevingane sine frå slutten av 70-talet til byrjinga av 90-talet, på tvers av alle trendar som kom og gjekk i løpet av den tida. Brothers In Arms handplukkar dei beste låtane frå heile Dire Straits-katalogen, og sidan det er veldig mange å ta av, vil repertoaret variere litt frå konsert til konsert, men dei største klassikarane, som til dømes Sultans of Swing, Brothers In Arms og Money for Nothing, vil sjølvsagt alltid vere med.  Og publikum får gjerne både trampe takta og synge med dersom dei føler for det :-)


Brothers In Arms består av:

Erik James Anderson; vokal, Ketil Strand; gitar og vokal, Lars Øverås; bass, Bjørn Skjelten; trommer, Kjell Myklebust; tangenter, Sten-Even Holstad; gitar og Kjetil L.Ingvaldsen; sax, perc. og tangenter.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: