Brothers In Arms - A Tribute to Dire Straits

Fredag, 16 januar, 2015 klokka 20:00

Brothers In Arms (A tribute to Dire Straits) spelar på Gomerhuset på Skodje fredag 16.01.15.

Dørene opnar kl 18 - Konsertstart kl 20.

Bill. kr 200,- kan kjøpast på førehand her, eller ved inngang frå kl 19.

Bandet vil feire at det i 2015 er 30 år sidan Dire Straits ga ut det legendariske albumet Brothers In Arms, ved å framføre heile albumet i sin heilskap!

I tillegg vil publikum sjølvsagt få høre fleire andre klassiske låtar fra Dire Straits sine andre album.

Brothers In Arms består av musikarar frå Ålesund og Brattvåg med lang fartstid i forskjellige band og musikkprosjekt: Erik James Anderson; vokal, Ketil Strand; gitar, Lars Øverås; bass, Bjørn Skjelten; trommer, Kjell Myklebust; tangentar, Sten-Even Holstad; gitar og Kjetil Ingvaldsen; sax.

Etter konserten på Gomerhuset blir det flott live-musikk i kafeen med bandet "Spark"; beståande av Jan-Erik Bakkelid på trommer, Helge Johan Berg på tangentar, Trond P. Gisnås på gitar og fiolin og Lars H G Øverås på bass. Alle har vore faste musikarar i Skøye teaterlag dei siste åra. Teaterlaget står også for servering heile kvelden.

Stad
Gomerhuset
Kommune: 
Kategori: