Bukkene Bruse på badeland + ekstraframsyning

Bukkene Bruse på badeland. Foto: Riksteatret.
Bukkene Bruse på badeland. Foto: Riksteatret.
Laurdag, 27 februar, 2016 klokka 15:00
Laurdag, 27 februar, 2016 klokka 17:00

BUKKENE BRUSE PÅ BADELAND av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund. Dramatisert av Tine Thomassen. Utruleg morosamt om bukkane som vel Badeland framfor setra. Bukkane Bruse er som vanleg på veg til seters for å gjere seg feite. Men på vegen dit ser dei eit nytt skilt: Badeland – 200 meter. Bukkane blir freista til å leike i det våte elementet.

Badeland er spennande, særleg den superkule sklia Snurre Snabel. Men så kjem det bøllete trollet og lagar kaos. Her må den største bukken Bruse ta tak! Framsyninga er basert på ein av dei mest selde barnebøkene dei siste åra, og passar for barn og barnslege i absolutt alle aldrar.

Ta ikkje meg, ta heller bror min!

 

Urpremiere i Oslo 2. september 2015

Turnépremiere i Askim 19. januar 2016

Produsert av Oslo Nye Teater og Riksteatret. Blir spelt på Oslo Nye Teater, Trikkestallen, hausten 2015.

Med Paal Viken Bakke, Marianne Edvardsen, Ingrid Liavaag, Suzanne Paalgard, Sarah Sandberg og Per Skjølsvik.

Regissør Anne Marit Sæther og Espen Dekko. Komponist Martin Smidt. Scenograf og dokkedesignar Gilles Berger. Dramaturg Siri Løkholm Ramberg.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: