Carmina Burana - konsert

Søndag, 3 juni, 2012 klokka 18:00

Aalesunds Ungdomsmusikkorps og Ålesund Kammerkor

Vi har den siste tida hatt ei rekkje flotte konsertopplevingar i kulturhuset. I høve kulturdagane 2012, vert konsertsesongen no avslutta før sommarferien, med ei storsatsing frå Aalesunds Ungdomsmusikkorps og Ålesund Kammerkor under leiing av Miki Campis.

Carmina Burana - eit av musikkhistoriens mest populære verk er den mest omfattande samlinga av middelaldersk, ikkje kyrkjeleg, goliardsk lyrikk, og har vorte berømt gjennom den tyske komponisten Carl Orff, som sette musikk til eit utval av tekstane.

Orff klarte med dette utvalet å gjenskape originalsamlinga sitt spekter av stemningar. Sjølv om Orff sin enkle, men likevel mektige musikk vekkjer sterke assosiasjonar til middelalderen, var det for han ikkje noko mål å rekonstruere historisk korrekte melodiar. Han skapte i staden ei heilskapeleg stemning med verket sitt, der kor, soli og instrumentale stykke inngår i ein dramatisk heilskap. Verket vart uroppført i 1937.

www.youtube.com/watch?v=p9eEwsGPf3s

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: