Cecilies verden

Cecilie Skog. Pressebilete.
Cecilie Skog. Pressebilete.
Torsdag, 14 august, 2014 klokka 19:00

Cecilie Skog kjem til Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik onsdag 12. mars for å halde foredraget «Cecilies verden». Ho skal fortelje om det å følgje draumane sine, sette seg mål, og korleis forberede seg både fysisk og mentalt i forkant av store og krevjande turar. Publikum får bli med på nokre fantastiske reiser - i form av vakre naturskildringar saman med foto- og filmklipp.

Det er i hovudsak kryssinga av Antarktis Cecilie fortel om i sitt foredrag, men også litt om andre turar som har vore med på å prege ho dei siste åra. Det er ikkje fyrst og fremst prestasjonane som stend i fokus når Cecilie er på scena, men ei genuin og enorm glede over å få å leve ut sine innarste og største draumar.

Eventyrar
Cecilie har i løpet av de siste ti åra blitt ein av verdas mest profilerte og meritterte eventyrarar. Ho har mellom anna vore på alle dei høgste fjella på de sju kontinenta, dei sokalla "Seven Summits", samt fleire andre høge toppar. I 2003 besteig hun Cho Oyu ålene, uten ekstra oksygen, som første norske jente på en 8000-meter topp. I 2004 besteig hun Mount Everest, i 2006 stod hun på Nordpolen etter 49 dager over havisen. Noko som resulterte i at hun blei den fyrste kvinna i verda som hadde vore på alle dei høgste fjella på de sju kontinenta, samt å ha gått til Syd- og Nordpolen (The Grand Slam). Cecilie er fortsatt den einaste jenta i verda som har gjennomført denne bragda.

13. November 2009 bega Cecilie seg ut på ein veldig strabasiøs tur. Saman med sin turkamerat Ryan skulle ho krysse Antarktis på kontinentets fyrste "unsupported-ekspedisjon" og det utan å motta hjelp undervegs. Over 1800 km og 70 dagar seinare nådde dei målet på den andre sida av kontinentet.

Sjølv om Cecilies prestasjonar er knytta til mykje slit og hard jobbing, er det fyrst og fremst naturopplevingane ho ønskjer å formidle.



Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 310,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: