Cervix Vocales - 10 år!

Cervix Vocales. Pressebilete.
Cervix Vocales. Pressebilete.
Laurdag, 19 oktober, 2013 klokka 18:30

Ei pop-musikalsk feststund!

Damekoret Cervix Vocales fyller i år 10 år, og dette vil dei spreke damene markere med ein festkonsert. Det er stor spreiing i alder på koristane, så når dei skal presentere popmusikken frå sin ungdom, møter vi både Robbie Williams og Jim Reeves, Randy Crawford og Lady Antebellum og endå mange fleire. Denne kvelden vil koret vise seg både samla, i grupper og som solistar. Eit damekor må sjølvsagt også ha herrebesøk når dei feirar, og dei har derfor invitert med seg Vyrde Mannskor som vil bidra på sin vanlege, sprudlande måte.

Eit dugande band må ein også ha på ein slik konsert, og det har koret sikra seg gjennom å inngå samarbeid med Øyvind Granden Berg (kapellmester, fløyte, sang og synth), Håvard Voldnes (piano), Glenn Huldal (trommer), Øystein Djupvik (bass) og Dan Aasebø (gitar).

Ira Ulvan er kveldens konferansier og Sølvi Nerem Berg er - som alltid - inspirerande dirigent. 
I tillegg har koret utfordra Aina Eliassen til å finne dansarar og koreografi som kan vere med på å skape den rette tidskoloritten.

Det vert også høve for publikum til å vise sine eigne kunnskapar om popmusikken dei siste førti åra. Det vil nemleg verte ein pop-quiz del - inspirert av Finn Bjelke sine legendariske radioprogram.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: