Chanel nr.5 og ein liten dæsj Old Spice

Fotokilde: Ørsta Kulturhus.
Fotokilde: Ørsta Kulturhus.
Søndag, 27 november, 2016 klokka 17:00

Åmdalskoret berre damer raslar igjen med arvesmykka og kniplingane, og bed inn til Herskapeleg aften 1.søndag i advent den 27.november.

Denne gongen er det i bestestova (festsalen) til Ørsta kulturhus du vert invitert. Kledd i sine finaste kreasjonar byd damene på song, humor, herskapeleg åresal, og velsmakande flotte kaker og kaffi. Beste kaffiservisa våre vert tekne fram, den raude løparen rulla ut, og du er hjarteleg velkomen!

Du må også gjerne pynte deg om du har lyst.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: