"Charlie" spelar til dans

Charlie. Pressebilete. Fotokjelde: Trebåtfestivalen.
Charlie. Pressebilete. Fotokjelde: Trebåtfestivalen.
Fredag, 14 august, 2015 klokka 21:00

«Charlie» har vakna - Gjenforeining på Trebaatfestivalen

Det er klart for historisk gjenforening når poprock dansebandet "Charlie" frå Ulsteinvik går på scena under Trebaatfestivalen i august. 

Det blir heller ingen hol i den historiske fortellinga om bandet; - både den originale besetninga frå ‘85,  og med det som etterkvart blei den klassiske besetninga frå  glansdagane på 80- og 90-talet stiller på scena.

- Sjølv om vi er rimelig opptatt på alle kantar, så har vi med mirakellaust vis greidd å samle troppane til ei mektig gjenforeining under Trebaatfestivalen, fortel primus motor og gitarist Herman Klungsøyr i "Charlie".

"Charlie" var eit danseband som var kjende for å være svært oppdatert på alle dei gode pop og rockelåtane som gjaldt på den tida. Til dømes artistar som Prince, Madonna,  Eurythmics, Chaka Khan,  Roxette, Toto, Duran Duran, Tina Turner og Bryan Adams spelte bandet uten å stusse. 

 

Same kjemien

- Det er kjekt å spele saman med bandet og musikarane igjen. Vi har det kjekt på øving og føler vi er i rute med det som skal skje om nokre månedar, fortel han.

Nokre ting har heller ikkje forandra seg med åra, ifølgje gitaristen.

-Vi har framleis den same kjemien, fortel han. Det er kjekt å sjå at når vi tek opp tråden igjen no etter nokre år,  så sit mange av låtane framleis som eit skudd.

Det blir ikkje småtteri når no "Charlie" skal gjenforeinast. Eit  ti-tals musikarar med både tidligare lokale medlemmar og medlemmar frå heile Sunnmøre skal på scena denne kvelden.

- Vi skal ha heile fire vokalistar, i tillegg til alle dei dyktige musikarane som har vore med i bandet gjennom 30 år, fortel Klungsøyr, gitaristen som var med å starta bandet for 30 år sidan.

Det er jubileum i fleng no når "Charlie" har bestemt seg for å spele igjen.

- Vi fann ut at dette var eit ypperleg høve når no Trebaatfestivalen har den tiande festivalen, "Charlie" feirer 30 år og eg sjølv attpåtil fyller 50 år i år, fortel Herman med eit smil.

På toppen av det heile så har vi i år fått eit heilt nytt sentrum i Ulsteinvik. -Det er all grunn til å feire alt saman, slår han fast.

 

Original

Originalbesetninga  besto av lokale heltar som Herman Klungsøyr, Tore Roppen, Kjell Ottar Flaate, Ragnar Øvrebøe, Ronny Håndlykken, Tina og Merete Brandal . Denne besetninga hadde ei varigheit på eit par-tre år, men nokre slutta litt etter litt. Bandet bestemte seg for å få inn nye musikarar og det var då det, ifølge Herman, tok av.

Inn kom ørstingane Torgeir Lødemel, Per Arne "Pia" Hovden og etterkvart vokalist Anita Walderhaug. I ei periode var Harald Frostad med, og siste åra var det Hilde Trondsen som trakterte vokalen i "Charlie".

Felles for desse, er at alle skal på scena med "Charlie" under Trebaatfestivalen i august.

- Med tanke på all logistikken for å samle alle desse personane til øving, er dette meir som ei bragd å rekne, innrømmer Herman.

 

Mykje reising

"Charlie" var svært aktive ei stund og spelte både her og der, var oppvarming både for nasjonale band og spelte til dans rundt om på vestlandet i mange år.

-Vi spelte på svært mange danselokaler rundt omkring, og vi var som profesjonelle musikarar og hadde mange reisedøgn på vegen.

Meir lokalt hadde vi faktisk fast spelejobb på "Gurskendans", 16.mai,  - 11 år på rad! fortel han engasjert.

- Det var ei artig tid, mimrer han. Men ja,  reising,  jobb og familie gjorde at vi på eit tidspunkt måtte legge til sides bandet og prioritere annleis, fortel han.

 

Eit scoop!

Blir det suksess under Trebaatfestivalen, så er ikkje Klungsøyr framand for å fortsette med "Charlie" vidare.

– Ja, det hadde våre kjekt, men det begrensar seg nok veldig også. Det blir mest på moro og ved spesielle høve.

- Vi kan i alle fall love ein heidundrande kveld under Trebaatfestivalen, og gler oss veldig heile gjengen,  seier Herman Klungsøyr, gitarist i "Charlie".

Arrangørane i Trebaatfestivalen er mektig stolte over å fått "Charlie" gjenforent under festivalen.

-Her er eit band som har sterke røter til Ulsteinvik, og spelar kvalitetsmusikk til eit voksent publikum. Dette er heilt i tråd med det vi ynskjer å tilby publikum under Trebaatfestivalen, fortel Tom Henrik Muggerud, presseansvarlig i Trebaatfestivalen.

-Dei aller fleste som opplevde 80- og 90-talet her i distriktet, har eit forhold til bandet «Charlie».  At vi i tillegg greidde å ordne dette til 10-års jubileumet til Trebaatfestivalen er skikkelig moro for oss, proklamerar Muggerud engasjert

Pressesjefen er ikkje smålåten når han vil forklare det enkelt.

-Vi føler vi har gjort eit scoop!

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, trykk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 280,-

18 års aldersgrense.

Husk å printe billetten før arrangementet. Har du ikkje eigen printer, kan du printe den i Servicetorget eller i Kinokiosken.

Stad
Trebåtfestivalen
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: