Cirkus Cirkör - LIMITS

Cirkus Cirkör. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Cirkus Cirkör. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Måndag, 20 mars, 2017 klokka 19:00

"Limits" sprenger grenser

Dei svenske nysirkusstjernene i Cirkus Cirkör sprenger grenser på ny, og denne gongen handlar det ikkje kun om kroppens og fysikkens grenser, men dei fortel ei historie og kommenterer den pågåande flyktningkrisa. «Limits» har forteljarstemmene til den irakiske flyktningen Qutaiba Aldahwa og afghanske Javid Heidari i tillegg til fenomenale opplevingar med  luftakrobatikk, parakrobatikk, sjonglering, handståande og springbrett. Langs den slakke lina passerer ei verd av flukt, migrasjon og nye grenser. Avisa Expressen var mellom dei som lot seg begeistre, og sa etter urpremieren at metaforane renn over av poetisk, rikt, alvorleg, men underhaldande nysirkus. 

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: