Cirkus Cirkör - Underart

CIRKUS CIRKÖR. Pressebilde.
CIRKUS CIRKÖR. Pressebilde.
Torsdag, 1 oktober, 2015 klokka 19:00
Fredag, 2 oktober, 2015 klokka 19:00

Ei fantastisk framsyning med akrobatikk, sjonglering, streetdance og musikk

Eit tårn av to, så tre mennesker reiser seg mot scenetaket, vaklar, og finn balansen. Ein sirkusartist flyg gjennom lufta i ein dobbel- og så trippel salto før ho landar trygt. Ein dansar blir plassert på eggen av meterhøge plankar, og blir ståande. Lenge.

Koreograf Olle Strandberg brukte sin eigen historie som inspirasjon då han skapte framsyninga Underart. Strandberg var artisten som falt. Eit rystande, omveltande fall som burde ha vore slutten. I staden blei det ein ny start. Verket er ein hyllest til det å falle – og å reise seg etterpå.

Artistane har også vore sentrale i utforminga av Underart. Ein har vore sirkusartist frå ho var ni år gamal. Ein er verdsmeister i streetdance. To er akrobatar. Ein er sjonglør og multikunstnar, og to er musikarar. Saman dannar dei ei komisk, vemodig og vakker framsyning av akrobatikk, sjonglering, streetdance og livemusikk. Kjeglene flyr høgt og menneska nesten høgare.

Bandet Ripple og Murmur leverer live, nykomponert indiepop. Musikken lever saman med akrobatane sine rørsler i poetisk, vill harmoni.

”… utan tvivel världsklass /…/ kontemporär cirkus kan göra vad som helst …” Margareta Sörensson, Expressen

Om nysirkus:
Nysirkus er ein kunstform som baserar seg på sirkuskonseptet, men som hentar element frå dans, musikk og teater. Det er ingen dyr i framsyningane.

Tilrådd frå tolv år.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: