Claudia Scott duo

Claudia Scott. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Claudia Scott. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Torsdag, 15 november, 2018 klokka 19:30

CLAUDIA SCOTT – 25 år`s Jubileum!

Claudia Scott slapp hausten 2016 albumet “Let The Ribbons Fly”. Albumet har fått fantastiske tilbakemeldingar og vart nominert til Spellemann.

”Rockens Førstedame”, ”Norges Americanadronning”, ”Norsk Countrys førstedame”.

Superlativa har verkeleg hagla over Claudia Scott både LIVE og på plate. I februar ga ho også ut musikkvideo av låta «A Picture of My Dad And I» frå same album. Låta er ei personleg skildring frå barndomsminner i oppveksten saman med faren Clive Scott. “Let The Ribbons Fly” følgjer opp uttrykket frå “Follow The Lines”, og gjenspeilar hennar musikalske røtter. For “Follow The Lines”,fekk ho også Spellemannspris i 2015. Hausten 2017 markerte ho 25 år som soloartist, og ga ut ein nummerert Limited Edition av “Flowers & Thorns” på Vinyl.

Låta “Heard you on my Radio” frå same album, er Claudia Scott`s største HIT hittil, også dette albumet blei nominert til Spellemann. Det har vore ei kreativ og travel tid sidan det som må seiast å vere eit comeback for Claudia Scott med “Follow the Lines” I 2014. Nye låtar produserast på løpande band, konsertar og TV opptredenar. I 2016 spelte Claudia Scott for utselde konsertar over heile landet saman med Henning Kvitnes. I 2018 er det duka for jubileumsturné for artisten som nettopp har vore ein av artistene på TV2`s populære serie “Hver Gang Vi Møtes”. Scott har fått topp score fra pressen for sine tolkningar. Claudia Scott elskar å vere på vegen, og å spele for publikum.

Med seg på scena har ho Olav Torgeir Kopsland: vokal, gitarar og steel-gitar. Sjølv trakterar Claudia diverse gitarar, harmonica og mandolin.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: