Club Sjøborg: Bakarbandet

Bakarbandet. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Bakarbandet. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fredag, 10 juni, 2016 klokka 22:00

Om ein blandar musikksjangrar som folk, country, blues, bluegrass, r&b og rock blir det ein miks som i opphavslandet USA gjerne vert kalla Americana. I ein slik amalgam av ulike musikkformer har lokale musikarar funne tonen i Bakarbandet.

Det er eit godt stykke frå både bomullsmarkane i sør og Appalaichian Mountains lenger nord i USA til Bakargarden i Ulsteinvik - som bandet lett spøkefullt har tatt namnet frå. Musikken – og musikarane - er inspirert av folk/bluegrassmusikarar frå fjellheimen i USA, artistar frå Motown/Stax og mange andre.  Også irsk-inspirert musikk står på spelelista.

I sentrum står gode låtar, fleirstemt song og bruken av akustiske instrument som gitar, mandolin, fele, piano, trommer/perkusjon og kontrabass.

På Club Sjøborg fredag 10. juni er det rigga småbord og det ligg an til triveleg klubbstemning med musikk skriven av Bob Dylan, Tom Waits, John Hiatt, Dolly Parton,  Eric Clapton, The Band og mange fleire.  Ein og annan ikkje-amerikansk song vil nok og dukke opp.

Bakarbandet har også tidlegare spelt på Club Sjøborg, i 2015, og elles hatt konsert på konserthuset i Fosnavågen, gjort fleire jobbar saman med Ingebjørg Bratland, og hatt fleire minikonsertar i Bakargarden.

Besetninga i Bakarbandet skulle vere godt kjende i det lokale musikkmiljøet og er som fylgjer:

Ståle Rasmussen – Gitar, mandolin, vokal
Eileen Hareide Brandal – Vokal
Øyvin Sønnsyn - Gitar, banjo, vokal
Leiv Arne Nydal - Fele
Terje Høydal – Gitar
Ole Kristensen – Gitar
Tore Roppen – Piano, Keyboard
Bertil Tødenes – Trommer, perkusjon
Øystein Djupvik – Kontrabass, vokal

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Det vert også billettsal i døra. 

Billettpris 
Voksne kr 200,-

18 års aldersgrense.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: