Club Sjøborg: Gitarkveld

Gitarkveld med Rune Ertesvåg. Fotokilde: Sjøborg Kulturhus.
Gitarkveld med Rune Ertesvåg. Fotokilde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 2 april, 2016 klokka 19:00

Denne uformelle kvelden blir via gitaren, men også med ein del vokale innslag.

Gitaristen Rune Ertesvåg fyller 60 år og for han blir det som ein ynskjekonsert å rekne, der det vil bli servert gamal og ny musikk frå eit langt liv med gitaren i handa. Kjend fra Dusty Track, Ruben, Alice, Ulstein Storband, Jazz & Koral, Gospelkoret etc. Denne kvelden går rock, blues og jazz, hand i hand.

Ulstein Storband
Kjend for dei fleste i vårt distrikt og leia av meisteren Øvind Granden Berg. Blant anna vil det bli servert to flunkande nye, for storbandet, nummer laga av supergitaristen Robben Ford til spesialarr. av vår «hoffarrangør» Hans Mathiesen.

Überjam
På tangenter Peter Demirov, Bertil Tødenes på trommer, Jan Thormodsæter på bass og Rune på gitar. Überjam har lege lavt i terrenget siste tida, men er no tilbake denne kvelden med sin mix av funky musikk og rolige instrumentale ballader servert med snert og humør. Mykje sannsynleg vert det servert funky bassoloar, feit hammond virtuositet og trommesoloar.

Ståle Dimmen Blå Mixture
Såle Dimmen, Peter Demirov, Lars Inge Bjørneset og Bjørn Roger Hagen.
Denne høgst musikalske blues-gjengen frå Hjartåbygda har gitt ut fleire bluesplater og har delteke på fleire bluesfestivalar til stor suksess. Leia av gitarist/vokalist Ståle Dimmen, ein utflytta Ulsteinvikar som skriv låtane og ikkje minst tekstane, som er norske og på dialekt.

Dusty Track
Reunion med eit av dei første banda i Ulsteinvik, starta i byrjinga av 70-talet. I starten med bla. Trond Scotty Skotheim på trommer, Sindre Guttorm Dimmen på bass og Rune Ertesvåg på gitar. Etter kvart på midten av 70-talet forsterka med Bjørn Ivar Helgesen og Bernt Benna Volsdal frå Ålesund, som begge er med her denne kvelden i lag med Reidar Blom på bass. 

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 150,-

På Club Sjøborg er det flatt golv og småbord i salen, og Quality Hotel Ulstein sel forfriskningar i salen.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: