Club Sjøborg: Jazzgruppa Baker Hansen

Baker Hansen. Foto: Morten Espeland.
Baker Hansen. Foto: Morten Espeland.
Fredag, 4 mars, 2016 klokka 21:00

Baker Hansen er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise.

Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål.

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet "Blåmann! Blåmann!" med Jan Erik Vold - ein ruvande skikkelse i norsk diktarkunst, som óg har bidrege med gode innspel til Baker Hansen sitt gjendiktingsarbeid. 

Når så kvintetten "BAKER HANSEN" tek opp denne arven, er det låter frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gir publikum anleiing til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med "nye øyre" på klassikarar frå standardrepertoaret. Konsertopplevinga vil pregast av at publikum gjenoppdager kjente melodiar som There will never be another you og Let's get lost, eller sagt med Baker Hansen sine ord: "Aldri finn eg ei nett slik som deg" og "Me forsvinn". Og kva for jazzklassikar skjuler seg bak tittelen "Eg vert så lett forelska"?

Besetninga på 5 er eit knippe musikarar frå det yrande jazzmiljøet i Oslo, og representantar for ein ung og spennande generasjon utøvarar på den norske jazzscena, med ei rekkje betydelege samarbeid i bagasjen. 

Sigurd Rotvik Tunestveit - vokal
Thomas Husmo Litleskare - trompet
Kjetil Jerve - piano
Stian Andreas Andersen - kontrabass
Tore Flatjord - trommer

Sjå også www.chetpaanorsk.no.

 

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 200,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: