CLUB SJØBORG - "live" 80-tals party i Ulsteinvik

Laurdag, 27 oktober, 2012 klokka 21:00

Nye og gode samferdselsløysingar har bidrege på mange plan, og kulturen har vore flinke å nytte høvet. Denne gongen er det 80-tals entusiastane i banda Broad Line frå Volda og Überjam frå Ulsteinvik som utfordrar til kulturelt samrøre over kommune- og fjordgrenser.

Med storslagarar frå 80-talet byd dei inn til eit heidundrandes party i Sjøborg i Ulsteinvik. Med stor variasjon og utsøkt låtval vert det ikkje ein kjedeleg augeblink. Kultursalen vert rigga til med småbord, dansegolv og intim stemning, -velkomne til Club Sjøborg.

Broad Line er oppfostra på monsterhitar av ma. Peter Gabriel, The Police, Mr. Mister, Don Henley, Nik Kershaw og Whitesnake. Og dei "tek den heilt ut" med ein scenerigg og eit show av høg klasse. Dei dyktige musikarane bak vokalist Knut Elifsen (kjent frå ma. the Voice, Woodleg Odd og Bokkereidars Bluesband) kan alle triksa frå 80 talet. Broadline har høg partyfaktor og gjenskapar lydbilete som sender publikum rett attende på dansegolvet der dei var for 30 år sidan. Broadline har hatt "stinn brakke" på Rokken i Volda med sitt show fleire år på rad. No er dei klare for Club Sjøborg i Ulsteinvik.

Broad Line:
Frode Bjørneset: Keys, Svein Erik Aamås: Keys, Lars Inge Bjørneset: Bass, Jann Ove Ertresvåg: trommer, Fred Igland: gitar, Knut Arve Eilefsen: vokal

Überjam vart dregen med i Westcoast-bølja på 70- og 80 talet etter store musikkopplevingar med ma. Koinonia, Lee Riteour, Shakatak og Mezzoforte for å nemne nokre. Dei har strekt seg mange centimeter og gjev seg fredig i kast med instrumentalmusikk innspelt av supermusikarar frå Los Angeles. Her skiftar det mellom heftig slaphand bass spel, smektande instrumental balladar, utstudert gitarsoloar, kompa av funk- og diskotrommer. Überjam har audmjukt vorte rost opp i skyene av publikum frå fjern og nær. Bandet finpussar forma utover hausten og lovar eit solid trøkk som gjev bakover(hockey)sveis.

Überjam:
Peter Demirov: Keys, Rune Ertesvåg: gitarar, Bertil Tødenes: trommer, Jan Thormodsæter: bass

Lyd/lys: Erik Walderhaug/Lydkjelleren
18 års aldersgrense.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: