Club Sjøborg: Steinar Raknes - Double Bass

Steinar Raknes. Pressefoto.
Steinar Raknes. Pressefoto.
Fredag, 12 februar, 2016 klokka 21:00

Steinar Raknes er rekna som ein av norges fremste bassistar og har turnert og gjort innspelingar med ei lang rekke norske og internasjonale musikarar. Han har samarbeidd med m.a. Ola Kvernbergs trio, han har vore medlem av Trondheim Jazz Orchestra og han leiar sitt eige band «Tangos, Ballads and More».

Hans siste CD «Live in Tokyo», fekk musikkjournalistar til å ta fram superlativar og trille seksarar på rekke å rad. Med seg på scena denne kvelden har også Raknes lokale gjestesolistar.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 180,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: