Club Sjøborg: Stig Ulv

Stig Ulv. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Stig Ulv. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Fredag, 21 februar, 2014 klokka 21:00

Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er truleg her, i skjæringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen.

Den som fekk Magne Furuholmen til å avbryte han midt under ein konsert i haust for å få med seg ein signer CD. Den som gjer at Dagbladet sin journalist Tom Stalsberg og gitarlegenda Knut Reiersrud finn det tvingande nødvendig å be folk om å sjekke ut den beskjedne sunnmøringen.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.

- Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Og det takkar vi for. Det fins nok av slikt. Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendige komponentar i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre for han er beskjeden.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.

Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre.

Albuma "Strengetonar" og "Klimprar" finn du på Wimp, Spotify, iTunes, CD og vinyl.



Det vert småbord og høve til å kjøpe forfriskningar i salen denne kvelden.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 150,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: