Club Sjøborg: Tom Roger Aadland

Tom Roger Aadland. Foto: Robert Meyer.
Tom Roger Aadland. Foto: Robert Meyer.
Fredag, 14 oktober, 2016 klokka 21:00

«Blonde on Blonde» - Aadland tolkar Dylan

Rockepoeten Tom Roger Aadland er kjend for radiohits som «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Han har gitt ut fem kritikarroste album, og har markert seg som ein botnsolid liveartist. Då «Rapport frå eit grensehotell» kom ut i 2015, brukte kritikarane uttrykk som «på grensen til genialt» og «ganske nært et mesterverk».

Tom Roger Aadlands førre plate med Dylan på nynorsk, «Blod på spora», var ein kritikar- og publikumssuksess. Nå har Aadland tatt for seg Dylans definitive meisterverk, det femti år gamle dobbeltalbumet «Blonde on Blonde», som kjem ut i nynorsk gjendikting til hausten. Den første singelen frå albumet, «Eg må ha deg» («I Want You»), har fått ei strålande mottaking.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Det vert også billettsal i døra. 

Billettpris kr 180,-

«Eg må ha deg» - singel
«Eg må ha deg» - musikkvideo 
«Eg må ha deg» - promovideo

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: