Country forever

Laurdag, 27 april, 2019 klokka 19:00

Country forever

Laurdag 27.april vert det godstemning på Soltjeld, på Vartdal.
Blandakoret Cantando, med musikk og solistar inviterer til ein kveld fullstappa med country and westernlåtar.
Dette vert ei reise gjennom sjangeren country med gamle og nye låtar, originale og norske tekster framført i beste westernstil med cowboyhatter og boots.
I tillegg vert det ei avdeling med gjesteartist Åge Nybø, velkjend for dei fleste etter mange år i det lokale musikkmiljøet i Ørsta. Han har eit allsidig repertoar og denne kvelden leiter han fram countrylåter og spelar kassegitar i lag med Cantando.
Musikalsk leiar for det heile er koret sin eminente dirigent Morten Bollerud. Og vi er så heldige at vi har fått Vartdals eigen Thomas Sætre som konferansier for kvelden.
Dette vil du ikkje gå glipp av! Koret håper på fullsett sal på Soltjeld denne kvelden! Billettar kan tingast på førehand på : 90 60 51 20
Det er sett opp plakatar fleire stadar og annonse kjem i MøreNytt!

Stad
Vartdal
Kommune: