Creedence Night

Clearwaters. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Clearwaters. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 24 september, 2016 klokka 20:00

Vi hugsar alle den fenomenale musikken til Creedence Clearwater Revival på hitlistene på syttitalet. No kan du oppleve dei i vårt populære klubboppsett.

Musikken er like levande i dag. Dette takka vere bandet sin frontfigur, John Fogerty som framleis gir ut plater og turnérar.

Clearwaters vart starta i Trondheim i 1998. Då som eit sideprosjekt til Gluntan. Fredagane spelte bandet ”Born on the bayou”, laurdagane vart det bl.a. ”La oss leve for hverandre”  I 2011 vart Gluntan seld til Bache Gabrielsen Band. Frå då av har det berre vore rock!

Clearwaters stiller no med ny vokalist – Gil Edwards. Gil har budd og jobba som artist i vel 30 år. Han vart først kjend i Noreg som bassisten til Marius Müller i bandet ”Små hender”. Sidan har Gil turnért som trubadur ut frå Sunnmøre der han bur. 

Gil vaks opp i Oregon, der han raskt vart interessert i musikken i USA på syttitalet. Også CCR. Han har spelt på same festival som broren til John Fogerty, Tom Fogerty. Han har jamma med musikarar frå Cannes Heat. Spencer Davies har han også spelt med ved eit høve. Ein svært rutinert songar og musikar som får bandet til å låte veldig autentisk. Sjølv meiner han at han ser ut som ein julenisse – men han ser meir ut som ZZ Top goes CCR! Gil bur i dag i Skodje der han og kona har pussa opp ein gamal skule. Til dagleg har han eige skomakarverkstad i Ålesund. Skomakaren som ikkje berre vart ved sin lest.

Bandet har no vore på vegen i 18 år! Landets lengstlevande tributeband?

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: