Cupfinaleshow ved midnatt

Søndag, 25 november, 2012 klokka 23:59

Søndag 25. november kl 24.00 (ved midnatt, natt til måndag)

Søndag 25.november kl 24.00 tek vi imot Høddspelarane i eit flott cupfinaleshow på Sjøborg.

Vi får presentasjon og intervju med spelarar og trenarar, utdeling av Føhnix-prisen og Blåsarane sin bestemannspris. Speaker er Magne Krumsvik.

Det blir live musikk frå scena, og vi får høyre m.a. høyre Høddhymna med Roy Muren og sjølvsagt Exposed to Failure sin "Stolt på Ullevål".

Husbandet blir leia av Geir Knotten med solist Rolf Magne Tømte.
Billettpris kr 150,- pr pers

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: